Kva skjer når ein tek med seg stoikarane på skitur og Kierkegaard inn i kjærleikslivet? Eg som ein gong var så lovande og interessert i verda, ei interesse som verken fjernsyn eller internett kunne forpurre, eg som kunne arbeide uforstyrra i timevis, og som hadde ambisjonar av ein eller annan art. Vita brevis, og dette må snu! tenkte eg der eg sat i min gamle stol. Og svaret kom til meg i same sekund: Her er det berre litt god gamaldags livsfilosofi som kan hjelpe. Kva er eit godt menneske, og korleis blir ein det? Kva er eit godt liv, og korleis får ein det? I denne underhaldande og tankevekkjande boka dreg Agnes Ravatn ulike filosofiske retningar ned frå tankeplanet og bruker dei direkte på livet sitt. Med hjelp frå Seneca, Sokrates, Platon, Kant og Kierkegaard søker ho svar på nokre av spørsmåla som mennesket har stilt seg til alle tider. Det går ikkje særleg bra.
På toppen av berg-og-dal-banen blir me ståande stille eit sekund eller to, vippande på kanten av stupet. "Gift deg eller gift deg ikkje, du vil angre begge delar", tenker eg. Eg drar Minnie Mus-ringen fram og stikk han opp i ansiktet hans. "Vil du gifte deg med meg!?!"
Er filosofi høgtsvevande og teoretisk visvas, eller kan det òg ha praktisk nytte? I denne underhaldande boka testar Agnes Ravatn ut korleis dei ulike filosofiske skulane fungerer i kvardagen, i eit halvhjarta forsøk på å bli eit betre menneske.
På vegen mot det gode livet går ho på ski med Kant, arrangerer symposium i Platons ånd og trulovar seg etter råd frå Kierkegaard. Stoisk uro og andre filosofiske smular er ei sjarmerande samling tekstar som vekker både latter og undring.