Det lir mot jul og menneska er travelt opptekne med å stelle alt i stand, gåver skal pakkast, graut kokast, sko pussast … Men, det er noko uforklarleg som skjer. Det knirkar og taslar i gongane, merkelege og mystiske ting skjer stadig vekk. Kor vart det av matpakka som låg klar på bordet? Kven slår på lyset om natta? Kven er det som stadig vekk stikk av med nøkkelen til sjefen, og kven har gnaga på julepynten? Ingen har heilt klart å oppdage kva alt dette mystiske er, sjølv om det har vore nære på nokre gongar. 

For, dei som taslar og gneg er: oss teaterottane. Vi har budd på huset i mange, mange, mange år, og vi passar godt på å halde oss skjult i kulissane. Men, det å skulle vere usynleg er ikkje alltid like kjekt, særleg ikkje når du mest av alt har lyst til å feire jul saman med andre, og det vil eg. Eg er teaterrotta Pernille, bli med meg og min fetter Jeppe på ei superduperhemmeleg førjulsstund. 

Lina Taule Fjørtoft  har tilrettelagt Alf Prøysen si juleforteljing «Den vesle bygda som gløymde at det var jul» som forteljarstund for barn. Toivo Fjose er musiker og komponist. 
Passar for barn frå 4 år.

Sted og tid:
Biblioteket i Brumunddal lørdag 2. desember klokka 12:00
Biblioteket i Moelv lørdag 2. desember klokka 14:30.